Kvar finn du biblioteket?
Biblioteket ligg midt i 2. etasje i A-blokka, og er både informasjonssenter, arbeidsrom og sosial møteplass for elevar og tilsette ved skulen.
Opningstider
Måndag–fredag kl. 08.00–15.30
Kven møter du på biblioteket?
Her på biblioteket møter du Natasha Padkær og Elin Haugstulen Dahlen Dei er alltid klare til å hjelpe deg – anten du treng boktips, hjelp til oppgåver, eller lurer på noko praktisk. Berre spør – terskelen er låg!
Dette kan du gjere på biblioteket:
- Låne bøker, lydbøker, filmar, spel, teikneseriar og tidsskrift
- Lese aviser og faglitteratur
- Finne referanselitteratur som ordbøker og leksika
- Bruke den stille lesesalen som er knytt til biblioteket
- Nyttiggjere deg studieplassar og kopimaskin
- Låne og spele kort- og brettspel
- Få hjelp og rettleiing til oppgåver, eller få lese- og filmtips
- Bestille fjernlån – vi kan skaffe det meste frå andre bibliotek
Kom gjerne innom – her er det alltid plass til deg, enten du vil jobbe, lese eller berre slappe av litt.
Det er godt utval av bøker på biblioteket.
Studieplasser på hemsen.