Biblioteket

På biblioteket kan du gjere mykje meir enn å låne bøker. Her kan du studere i ro og fred, lese aviser og tidsskrift, spele brettspel, få hjelp til oppgåver – eller berre slå av ein prat med andre.

Kvar finn du biblioteket?

Biblioteket ligg midt i 2. etasje i A-blokka, og er både informasjons­senter, arbeidsrom og sosial møteplass for elevar og tilsette ved skulen.

Bilde av biblioteket - Klikk for stort bilete

Opningstider

Måndag–fredag kl. 08.00–15.30

Kven møter du på biblioteket?

Her på biblioteket møter du Natasha Padkær, Elin Haugstulen Dahlen, Kristin Hjørnevik og Gunn Myrhaugen. Dei er alltid klare til å hjelpe deg – anten du treng boktips, hjelp til oppgåver, eller lurer på noko praktisk. Berre spør – terskelen er låg!

Dette kan du gjere på biblioteket:

  • Låne bøker, lydbøker, filmar, spel, teikneseriar og tidsskrift
  • Lese aviser, vekeblad og faglitteratur
  • Finne referanselitteratur som ordbøker og leksika
  • Bruke den stille lesesalen som er knytt til biblioteket
  • Nyttiggjere deg studieplassar og kopimaskin
  • Låne og spele kort- og brettspel
  • Få hjelp og rettleiing til oppgåver, eller få lese- og filmtips
  • Bestille fjernlån – vi kan skaffe det meste frå andre bibliotek
Bilde av biblioteket - Klikk for stort bilete
Bilde av biblioteket - Klikk for stort bilete

Søk i biblioteket si digitale katalog 

Finn bøker, filmar, lydbøker og meir – rett frå skjermen.
Søk i katalogen

Kom gjerne innom – her er det alltid plass til deg, enten du vil jobbe, lese eller berre slappe av litt.