Utdannings- og yrkesrådgjevar

Utdannings- og yrkesrådgjevarane gjev deg råd om utdanning og yrkesval.

Erlend Gudbrandstuen Lyngved

Erlend har ansvar for studiespesialisering, idrettsfag og påbygging til generell studiekompetanse.

Bård Atle Fuglum

Bård Atle har ansvar for yrkesfagsklassane på avdeling Otta.

Dirk Wolf

Dirk har ansvar for kombinasjonsklassa.

Det er låg terskel for å ta kontakt ved å kome på kontoret eller via SMS, Teams eller InSchool. 

Utdannings- og yrkesrådgjevarane skal gje deg informasjon om:

  • offentlege og private utdanningsmoglegheiter 
  • yrkesmoglegheiter og arbeidsmarknaden i Noreg og andre land 
  • kva for krav som blir stilt til ulike utdanningar og yrke 
  • inntaksvilkår, søknadsfristar, finansieringsordningar og liknande.

Rådgjevaren skal og hjelpe deg med å utvikle din eigen kompetanse, slik at du kan gjera riktige val av utdanning og yrke med tanke på dine eigne evner og anlegg, og utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller.