Sosialpedagogisk rådgjevarEr det noko som plagar deg i forhold til skole, fag, medelevar, lærarar eller noko utanfor skulen, kan du få hjelp av sosialpedagogisk rådgjevar.Bård Atle Fuglum og Erlend LyngvedBård Atle og Erlend har saman ansvar for alle klassane. Dei sosialpedagogiske rådgjevarane kan hjelpe deg:Viss du føler at problema er i ferd med å ”vekse deg over hovudet”. Til at du som elev finn deg til rette i vidaregåande opplæring og lærer mest mogleg.Ikkje ver redd for å søkje hjelp! Det er låg terskel for å ta kontakt ved å kome på kontoret eller via SMS, Teams eller InSchool. Rådgjevar vurderer om det er behov for hjelpeinstansar utanom skulen, og finn dei rette instansane og formidlar kontakt med desse.DrømmeskolenDrømmeskolen er eit helsefremjande program for å skape et trygt og godt psykososialt læringsmiljø på heile skulen. Programmet fokuserer på at elevane skal føle at dei høyrer til og er ein del av skulen og vere motiverte for å lære. Dette er òg viktig i skulekvardagen.Les meir om Drømmeskolen her Sist endra 02.07.2025 12.08