Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar er tilgjengeleg i skulekvardagen for alle elevar som treng ein samtalepartnar om noko er utfordrande eller vanskeleg.

Helse er eit samansett begrep og helsesjukepleiar arbeider med alt som har med fysisk, psykisk, sosial og seksuell helse å gjere. Helsesjukepleiar har teieplikt etter Lov om helsepersonell.

Det er låg terskel for å ta kontakt ved å kome på kontoret eller via SMS, Teams eller Visma InSchool. Du er sjølv ansvarleg for å oppsøkje tenesta.

Kontortid

Avdeling Dombås

Helsesjukepleiar Elisabeth Dalum er vanlegvis til stades på avdeling Dombås måndagar frå kl. 08.00 - 15.30.

Avdeling Lom

Helsesjukepleiar Eli Skjåk Teigum er vanlegvis til stades på avdeling Lom tysdagar.

Avdeling Otta

Helsesjukepleiar Mona Tarud er vanlegvis til stades på avdeling Otta måndagar, onsdagar og torsdagar frå kl. 08.00 - 15.30.

Kontaktinformasjon

Avdeling Dombås

Elisabeth Dalum

Mob.nr. 917 56 762

Send e-post

Avdeling Lom

Eli Skjåk Teigum

Mob.nr.: 902 41 735

Send e-post

Avdeling Otta

Mona Tarud

Mob.nr.: 940 11 964

Send e-post

Førebyggjande og helsefremmande arbeid

Helsesjukepleiar ved vidaregånde skular i Innlandet fylkeskommune er formelt ansatt i kommunene. Kommuneoverlegen er medisinskfagleg rådgjevar for skulehelsetjenesta. Helsesjukepleiar er ein del av elevtenesta ved skulen. Skulehelsetenesta sitt tilbud skal styrke ungdom sine ferdigheiter i å meistre sin kvardag, auka trivsel og mestring har positiv innverknad på helsa.

Psykisk helse

Psykisk helse handlar om tankar og kjensler. Alle har ei psykisk helse og den påverkar heile tida korleis vi har det. Helsesjukepleiar kan gje støtte og samtale om det som har med psykiske helse å gjere. Det kan bli vanskelegare å handtere utfordringar som livet byr på om den psykisk helsa ikkje blir ivareteke. Stress, nedstemtheit, angst, dårleg sjølbilete/sjølvkjensle samt familieproblem som vald/overgrep og rus er døme på belastningar som ikkje er bra for helsa. Dette kan vise seg ved blant anna søvnvanskar, sjølskading eller som manglande glede.

Fysisk helse

Fysisk helse vil seie sjukdom, skadar og korleis vi kan ta vare på kroppen for å halde oss friske. Helsesjukepleiar kan hjelpe med utfordringar kring ulike smerter, sjukdom, tobakk/snus, kosthald og fysisk aktivitet.  

Seksuell helse

Helsesjukepleiar kan gje rettleiing om blant anna kjønnsidentitet, seksuelt overførbare infeksjonar, mistanke om graviditet, forelsking og kjærleikssorg.

Helsesjukepleiar gjev prevensjonsrettleiing og har foreskrivingsrett på hormonell prevensjon for dei over 16 år.

Sosial helse

Dårleg økonomi og buforhold er noko av det som har innverknad på den sosiale helsa vår.

Helsesjukepleiar arbeider med førebyggjande og helsefremmande arbeid både individuelt og klassevis.

Tverrfagleg samarbeid

Helsesjukepleiar har eit godt samarbeid med pedagogisk personell og resten av elevtenesta. Helsesjukepleiar har kontakt med anna helsetenestetilbod i kommunen, og skal sørgje for at dei som har problem som krev ein bestemt fagkompetanse, visast til rett instans.

Vg1- elevane treffer helsesjukepleiar i samband med «Drømmeklassen» ved skulestart. Besøk hos elevtenesta reknast ikkje som fråver.

Legeordning

Hybelbuande elevar oppmodast til å skaffe seg fastlege i kommunen der dei har hybel.
Helsesjukepleiar kan hjelpe, du kan gå inn på https://minhelse.helsenorge.no/bytte-fastlege? eller ringe fastlegetelefonen på nummer 810 59 500.