Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Treng du hjelp og støtte i opplæringa?

Kontortid

Avdeling Lom

PP-rådgjevar Kristin Skauge Børud er til stades ved behov/tilkalling.

Avdeling Dombås

PP-rådgjevar Kristin Skauge Børud er til stades ved behov/tilkalling.

Avdeling Otta

PP-rådgjevar Kristin Skauge Børud er til stades kvar dag kl. 08.00–15.30.

PP-tenesta si rolle

Pedagogisk-psykologisk teneste blir ofte forkorta PPT eller PP-tenesta.

Pedagogisk-psykologisk teneste skal hjelpe unge som på grunn av ulike vanskar treng hjelp og støtte i opplæringa. PPT vurderer om du treng spesialundervisning.

Lærlingar og lærekandidatar kan òg søke hjelp hos PPT.

PPT kan gje råd og rettleiing til elevar, føresette og skule om tilpassa opplæring og spesialundervisning. PPT skal òg hjelpe skulen når det gjeld kompetanse- og organisasjonsutvikling. I tillegg samarbeider PPT med andre faginstansar om utgreiing og oppfølging av elevar.

PPT er ei fylkeskommunal teneste som er organisert som eit eiget team under vidaregåande opplæring i fylkeskommunen. PP-rådgjevarane har kontor på dei ulike skulane, men er ikkje underlagt rektor på skulen.

Les meir om PPT

Til toppen