OT-rettleiar
Kven kan få hjelp?
Du kan få hjelp viss du er mellom 15 og 24 år og har rett til vidaregåande opplæring:
- ikkje har søkt vidaregåande
- ikkje har teke imot skule- eller læreplass
- har slutta før du er ferdig på skulen eller som lærling
- ikkje er i jobb eller utdanning
Kva kan du få hjelp til?
Vi kan hjelpe deg med å:
- finne opplæring som passar for deg
- søkje jobb eller praksis
- lage ein plan for vegen vidare
Du får informasjon og rettleiing om opplæring og arbeid. Du får òg tilbod om samtalar og møter, slik at vi saman kan finne gode løysingar for deg.
Vi kontaktar deg
Vi tek kontakt med deg viss du er i målgruppa.
Du kan òg ta kontakt med oss.
Samarbeid med andre
Vi samarbeider mellom anna med NAV, BUP og opplæringskontoret for å gi deg rett oppfølging. Tilboda kan variere frå kommune til kommune.