OT-rettleiar
Oppfølgingstenesta skal hjelpe deg viss du
- ikkje har søkt eller tatt imot opplæringsplass
- har avbrote opplæringa før ho er ferdig
- har mista opplæringsretten din som følge av bortvising eller heving av lærekontrakten
Du er omfatta av tenesta fram til utgangen av det året du fyller 24 år.
Vi kontaktar deg
Oppfølgingstjenesta tar kontakt med alle ungdommar i målgruppa og formidlar tilbod om opplæring eller arbeid. Opplæringa og tiltaka skal så langt som mogleg gi deg formell kompetanse.
Du får tilbod om rettleiing og at vi skal møtast for å finne gode løysingar for deg.
Samarbeid med andre
Tilboda varierer frå kommune til kommune.
Oppfølgingstenesta samarbeider med kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som ôg har ansvar for ungdom – som NAV, BUP og opplæringskontoret. Oppfølgingstenesta samordnar og formidlar dei ulike tilboda.