Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Velkomen til Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule!

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er skulen i Nasjonalparkriket. Som elev deltek du i eit stort og mangfaldig skulesamfunn fordelt på tre skulestader: Dombås, Lom og Otta.

Skulen har sju utdanningsprogram fordelt på yrkesfag og studieførebuing: restaurant- og matfag, helse- og oppvekstfag, service og samferdsel, teknikk og industriell produksjon, bygg og anleggsteknikk, idrettsfag og studiespesialisering.

Vi brukar ikkje berre  skulen som arena for undervisning og læring. Ekskursjonar, utplassering i bedrifter og elevutveksling med andre land i Europa er òg viktig. Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule skal ruste deg for framtida ved å vera miljømedvitne, bruke moderne teknologi og samarbeide internasjonalt.

Som elev ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule skal du oppleve å bli stilt krav til, du skal oppleve å bli tatt på alvor, du skal få faglege utfordringar, og du skal leve og lære i eit trygt skulemiljø. Med andre ord: Vi ønskjer at du som elev skal oppleve både mestring og få utfordringar på ditt nivå. Målet vårt er å vera ein skule som er levande og triveleg, der det er godt å lære.

Vi ønskjer deg velkomen som elev ved skulen vår!

Kristin Undseth, rektor

Sist oppdatert 21.08.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering