Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Skulens historie

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er ein moderne skule med djupe røter i norddalsbygdene.

Dombås

Hjerleid opplevde nokre år med motgang. Sviktande elevgrunnlag og tap av fleire yrkesfaglege studieretningar førte til at skulestaden i 2013 vart  vedteke nedlagt, med virke frå 2015.
Fylkestinget i Oppland hadde eit ynskje om å endre skulestrukturen i Gudbrandsdalen og gjekk inn for å opprette eit tilbod på Dombås i staden for på Dovre. I desember 2015 vart det gjort eit vedtak om at Dombås skulle få eit treårig vidaregåande tilbod for studiespesialiserande fag.

Den vidaregåande skulen på Dombås er samlokalisert med Dovre ungdomsskule og Dovre kommune har vore byggherre for eit omfattande bygge - og rehabiliteringsprosjekt, med Oppland fylkeskommune som ein viktig støttespelar gjennom heile prosessen.

Prosjekteringsarbeida for det nye skuleanlegget starta i juli 2014, og  byggearbeidet i mai 2015.  Vgs har mellom anna fått nye fine klasserom, studierom og kontor i ein nybygd fløy, og det har blitt gjort ei betydeleg oppgradering av det eksisterande anlegget, noko som har ført til at skulen står fram som moderne og funksjonell, med korte avstandar mellom dei ulike arenaene.

16 år etter at dei gamle gymnasklassane flytta ut av bygget og ned til Hjerleid, er den vidaregåande skulen no attende på staden.

Avdelingsleiar  Dirk Wolf frå Otta var ein av snorklipparane da nyskulen på Dombås vart offisielt opna fredag 26.august 2016.

Hjerleid

Hjerleids husflidskule kom i gang seinhaustes 1886 med undervisning i snikring, bøkkar- og skomakararbeid. Ved starten var det to undervisningsstader: Ulekleiv og Kyrkjekrinsen. I 1903 kom treskjeraropplæring til, og skulen starta med ei årleg utstilling av elevarbeid, kjent den dag i dag som ”Hjerleidutstillinga”.

Frå 1918 fekk skulen status som offentleg, fekk tilskott og kunne ta i mot utanbygds elevar òg. Dermed var drifta sikra for lang tid framover.

Hausten 1949 vart Fylkesyrkesskulen på Dovre etablert der avdeling Hjerleid ligg i dag. Minkande elevtal førte til at all undervisning vart samla her på 50-talet. I 1959 vart Fylkesyrkesskulen og Hjerleids Husflidsskule samordna med felles styre og administrasjon.

I 1972 vart det oppretta gymnasklassar på Dombås som filialklassar under gymnaset på Vinstra. Frå 1977 vart desse klassane slått saman med yrkesskulen på Dovre og fekk namnet Hjerleid vidaregåande skule. Hausten 2000 var arbeidet med ombygging av skulen på Dovre ferdig, slik at også allmennfag kunne flyttast dit.

Klones

Da Nord-Gudbrandsdal landbruks- og husmorskule vart etablert på den gamle storgarden Klones i 1919, hadde det alt lenge eksistert ein ambulerande landbruksskule med jentekurs i husstell og handarbeid i norddalen. Tilbodet var etterspurt, og skulen hadde ei aukande søkjarmasse gjennom heile mellomkrigstida.

Men strukturendringer i landbruket førte til nedgang i søkjartala på 50- og 60-talet. Allereie i 1962 kom eit framlegg om å leggje ned skulen, men det endte i staden med at skulen vart styrka med eit utdanningstilbod innanfor utmarksnæring. Frå 1977 fekk også Klones status som vidaregåande skule.

Trass i utbyggingar og andre positive tiltak i åra som fulgte, let nedgangen seg ikkje snu, og det var ein sterkt svekka skule som til slutt vart slått saman med dei andre vidaregåande skulestadene i Nord-Gudbrandsdal.

Otta

Forløparen til den vidaregåande skulen på Otta er den lokale handelsskulen, Haugens handelsskole, som kan førast attende til 1940-talet. Olav N. Haugen var rektor frå skulen starta og fram til 1983. Frå 1970 vart det starta forsøksverksemd med ein- og toårig grunnkurs for handel og kontor på den lokale handelsskulen. Namnet på skulen vart Gudbrandsdal yrkesskole for handel og kontor.

I 1972 vart det etablert gymnasklassar her som på Dombås. Skulen heldt denne tida til i leigde lokale rundt omkring på Otta, og buss frakta elevar mellom skulelokala i alle friminutt. I 1978 vart det så gjort vedtak om å bygge eit nytt, kombinert skuleanlegg i Øya-området. Innflytting i nybygget skjedde i februar 1981.

Johan Storm Munch var rektor ved skulen frå 1983 til 1990. Dette var ein kraftig ekspansjonsperiode: Skulen fekk fleire nye liner/studieretningar, mellom anna Idrettsfag, Helse- og sosialfag, Frisørfag. Skulen hadde på sitt største i 1989 615 elevar.

Ole-Petter Hansen overtok som rektor i 1990. Utover i 90-åra var det eit aktivt utviklingsarbeid ved skulen. Som eit resultat av det vart skulen utpeikt som nasjonal demonstrasjonsskule for perioden 2003-2005.

Lom

I samband med dei store strukturendringane i norsk skule vart det òg vedtatt å opprette gymnasklassar i Lom i 1972. Tre år seinare vart det oppretta ei line for byggfag, som heldt til i lokala til GIAX i Lom. Dette vart til saman Lom vidaregåande skule i 1977, med Jon Kolden som rektor fram til 1988, då Sigrun Kveen overtok.

Skulen har i alle år hatt ein stabil elevtilgang frå heile Ottadalen.

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

I 2004 vedtok å Oppland fylkeskommune å slå saman skulane i Norddalen. Otta, Hjerleid, Klones og Lom vart avdelingar under den nye Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Ole-Petter Hansen vart rektor for den samanslåtte skulen. Frå nyttår 2014 tok Kristin Undset over roret.

Hausten 2004 var det slutt på treskjerarutdanninga ved Hjerleid. Fylkeskommunene har sidan bidratt til at undervisninga blir vidareført av Handverksskulen, ein friskule oppretta av Senter for bygdekultur.

Klones sleit med låge søkjartal og høge driftsutgifter. Etter ein lang dragkamp vart avdelinga lagt ned og landbruksutdanninga flytta til Otta. Etter to forsøksår vart tilbodet lagt ned for godt.

Skuleåret 2009/10 vart avdeling Otta totalrenovert. Hausten 2010 flytta elevar og tilsette inn i ein ombygd, moderne skule. Gjennom eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Sel kommune vart det òg bygd ein topp moderne kultursal som ein del av skulen.

Hausten 2013 var det avdeling Lom som kunne flytte inn i "Utgard", splitter nye lokale knytt til eit nytt kulturhus og fleirbrukshus i Lom. Og i januar 2015 vart det nye energilaboratoriet offisielt opna i eit nytt tilbygg på Otta. Dermed har skulen fått det vi liker å kalle "Noregs beste naturfagrom".

Hausten 2016 opna nye avd. Dombås samlokalisert med Dovre ungdomsskule.

Sist oppdatert 09.11.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering