Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Pedagogisk plattform

Norddalsplakaten er skulens felles plattform når det gjeld læring og verdiar. Den nasjonale læringsplakaten ligg til grunn for vår lokale plakat, som har bygd inn mål som er spesielt viktige for vår skule og region.

NORDDALSPLAKATEN

Lokal læringsplakat for Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

  • har som hovudoppgåve å gje unge og vaksne elevar god opplæring i tråd med individuelle ønskje og føresetnader, behova i næringslivet og måla i læreplanane
  • legg vekt på trivsel, tryggleik og toleranse som viktige føresetnader for gode læringsforhold
  • ønskjer å samspela med lokalsamfunnet i arbeidet med å styrke regionen sine kvalitetar innan næringsliv, kultur og natur
  • er ein skule med tre skulestader og legg vekt på samarbeid mellom desse for å skape robuste fellesløysingar og gode forhold mellom alle partane

Elevane

  • brukar retten til medvirkning og tek sjøl ansvar for å lære
  • følgjer opp plikter og krav som lærarar og skulesamfunnet stiller
  • er engasjerte og bruker evnene sine i aktiv innsats over tid
  • samarbeider og støttar kvarandre både fagleg og sosialt
  • behandlar kvarandre og tilsette med respekt og omtanke
  • utøver reelt elevdemokrati gjennom elevrådet og bidreg til å utvikle skulen med konstruktive innspel

Tilsette

  • er tydelege leiarar og gode rollemodellar for elevane
  • legg til rette for eit trygt læringsmiljø der elevar støttar kvarandre
  • er fagleg oppdaterte, engasjerte og behandlar elevane med respekt og omtanke
  • ser den enkelte eleven, tilpassar opplæringa og varierer arbeidsmåtane
  • samarbeider og deler erfaringar med kollegaer

Skuleleiarane

  • viser i handling at hovudmålet på skulen er at elevane lærer og utviklar seg fagleg og sosialt
  • er tydlege og synlege som pedagogiske leiarar og opptatt av kvalitet og utvikling for heile skulen
  • er tilgjengelege og romslege i forhold til elevar og tilsette
  • legg til rette for å utvikle kultur for læring slik at den enkelte og organisasjonen lærer gjennom egenvurdering og nyorientering
  • har eit særleg ansvar for å utvikle aktivt samarbeid med arbeidsliv og samfunn

Skulemiljøet

  • tek vare på den enkelte og verdset at alle er ulike
  • tolererer ikkje mobbing
  • er prega av trivsel og tryggleik, orden ute og inne
  • er prega av engasjement og læring
  • er prega av god kontakt mellom elevar, elevar og tilsette og mellom skule og heim
  • er ope mot lokalsamfunnet og verda og inviterer desse inn
Sist oppdatert 12.08.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering