Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Skulen vår

Nord-Gudbrandsdal videregåande skule består av dei tre skulestadene Dombås, Lom og Otta. Skulen tilbyr åtte utdanningsprogram og har totalt om lag 600 elevar og 150 tilsette.

Skulen vår er ikkje heilt som andre skular når det gjeld lokalisering og organisering. Vi har ein skule med tre skulestader og felles leiing med ansvar for samla økonomi, personal og pedagogikk. På kvar skulestad er det avdelingsleiarar. Målet er å oppretthalde ein desentral skulestruktur og vidareutvikle livskraftige skulestader i Norddalen.

Skulen ei sentral rolle når det gjeld å utvikle næringslivet og skape liv i bygdene våre. Breie utdanningstilbod som ivaretek behova til den enkelte og næringslivet er særleg viktig i denne samanheng og ikkje minst god kvalitet på læringsmiljøet i klasserom og verkstader.

Nord-Gudbrandsdal videregåande skule er sterkt engasjert i den regionale satsinga på "Nasjonalparkriket". Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdal består av seks nasjonalparkar: Breheimen, Dovre, Dovrefjell-Sunndalsfjella, Jotunheimen, Reinheimen og Rondane. I tillegg kjem 40 verneområde og naturfredningsområde. Ingen annan region i Noreg har så mange nasjonalparkar og verneområde. Utvikling av av Nasjonalparkriket  er eit svært viktig satsingsområde for Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal.

Sist oppdatert 12.08.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering