Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Biblioteket på avdeling Dombås

Biblioteket er ein felles arena for vidaregåande og ungdomsskulen og ligg til venstre for hovudinngangen i fyrste etasje.

Ove Kirkestuen/Nord-Gudbrandsdal vgs

Biblioteket skal fungere både som ein sosial møteplass og ein stad du kan søke informasjon, kunnskap og rekreasjon

Her kan du:

  • lese aviser, tidsskrift og vekeblad
  • låne bøker, lydbøker, filmar, spel, teikneseriar, tidsskrift
  • finne referanselitteratur: ordbøker, leksika med meir
  • nytte studieplassane i lokalet, der du kan bruke eigen pc
  • nytte kopimaskin
  • låne og spele kort eller brettspel
  • få hjelp og rettleiing av bibliotekpersonalet til oppgåver, eller du kan få lese- og filmtips
  • bestille fjernlån: Det meste kan skaffast ved lån fra andre bibliotek

 

Vi har felles katalog med folkebiblioteket og alt som finst i samlinga vår kan du søke opp her

Biblioteket er bemanna måndag og onsdag 12.00-15.30, og torsdag 08.00-15.30

Lokalet er ope og kan brukast, kvar dag frå 08.00-15.30. Du kan nytta deg av sjølvbetent utlån når biblioteket ikkje er bemanna.

Sist oppdatert 26.02.2018
Fant du det du lette etter?