Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Toppidrett med badminton, Otta

Siktar du høgt i badminton? Vil du trene i eit aktivt miljø med profesjonell instruksjon og samtidig få deg ei fullverdig vidaregåande opplæring?

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule Otta er etablert som eitt av tre badmintonsentra i Noreg gjennom eit samarbeid mellom skulen, Pillarguri badmintonklubb, badmintonforbundet og Oppland fylkeskommune. Dette inneber at elevar ved avdeling Otta får tilbod om toppidrett badminton som programfag, anten på idrettsfag eller på studiespesialisering. 

Tilbodet er ope for elevar frå heile landet. Inntatte elevar utanfor Oppland får plass dersom dei får godkjenning frå eige fylke.

Pillarguri badmintonklubb har avtale om eigne hyblar som ligg sentralt i Otta, med gangavstand både til skule og hall. Klubben har også oppfølging av elevar utanom skuletid og trening.

Sist oppdatert 12.08.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering