Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule
Du kan velje å fordjupe deg i realfag, samfunnsfag, språkfag eller økonomifag. Studiespesialisering er det mest teoretiske av dei tre studieforberedande utdanningsprogramma.
Kvifor velje studiespesialisering?
-
Studiespesialisering gjev eit breitt fagleg grunnlag.
-
Studiespesialisering gjev generell studiekompetanse. Dette er inngangsbilletten til ei lang rekkje studium ved universitet og høgskular.
-
Du vil bli godt fagleg førebudd til studium ved høgskular og universitet, både i Noreg og utlandet.
-
Du kan velje blant programfag innan realfag, språk, samfunnsfag og økonomi.
-
Du kan velje programfag som oppfyller spesielle opptakskrav ved inntak til høgskule og universitet.
Eksempel på kva du kan bli:
-
Sjukepleiar, lege eller veterinær
-
Ingeniør, jurist eller økonom
-
Lærar, psykolog eller journalist
-
Arkitekt, produktdesignar eller kulturarbeidar
Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva for fagkombinasjonar som krevst før du vel programområde og -fag.
Timer fellesfag på studiespesialisering
Fellesfag | Timer | | | |
| Vg1 | Vg2 | Vg3 | Totalt |
Religion og etikk | | | 3 | 3 |
Norsk | 4 | 4 | 6 | 14 |
Matematikk | 5 | 3 | | 8 |
Naturfag | 5 | | | 5 |
Engelsk | 5 | | | 5 |
Fremmedspråk | 4 | 4 | | 8 |
Samfunnsfag | 3 | | | 3 |
Geografi | 2 | | | 2 |
Historie | | 2 | 4 | 6 |
Kroppsøving | 2 | 2 | 2 | 6 |
Sum fellesfag | 30 | 15 | 15 | 60 |
Programfag | 0 | 15 | 15 | 30 |
Totalt | 30 | 30 | 30 | 90 |
| | | | |