Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Idrettsfag, Otta

Er du glad i idrett og trening? Er du òg interessert i idrettsteori og andre teoretiske fag? Da kan idrettsfag vere noko for deg!

Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule Idrettsfag er eit tilbod til deg som ønskjer å kombinere utdanninga med toppidrett, og til deg som ikkje har  planar om å bli profesjonell idrettsutøvar, men som ønskjer ein alternativ veg til studiekompetanse. Idrettsfag er eit treårig studieforberedande utdanningsprogram.

Fire av idrettsfaga er felles for alle:

  • aktivitetslære
  • treningslære
  • treningsleiing
  • idrett og samfunn

I tillegg velg du breiddeidrett eller toppidrett.

Skulen tilbyr fordjupning i:

  • breiddeidrett/toppidrett innanfor fotball eller handball.
    Vi tilbyr andre idrettar etter avtale med skulen.

Det kan òg vere mogleg å velje programfag frå andre programområde i studieforberedande utdanningsprogram. Skulen tilbyr matematikk R1 på Vg2.

Idrettsfag gjev:

  • generell studiekompetanse med rett til å søkje ulike studium ved høgskular og universitet.
  • grunnlag for trenarjobbar innanfor idretts- og friluftsliv, spesielt innanfor barneidrett.

Skulens tilbod etter Vg1:

Skulens tilbod etter Vg2:

Sist oppdatert 12.08.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering