Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Vinnar av Fritt Ord-konkurransen 2018

Fritt Ord-konkurransen for vidaregåande skule er ein årleg landsdekkjande konkurranse der elevar blir inviterte til å levere bidrag om ytringsfridom og demokrati. Årets tema var propaganda. 

Marta G. Berstad - Klikk for stort bildeMarta G. Berstad Simen Rudiløkken/Vigga

Marta G. Berstad - Klikk for stort bildeMarta G. Berstad Simen Rudiløkken/Vigga Marta G. Berstad - Klikk for stort bildeMarta G. Berstad Nord-Gudbrandsdal vgs

Sjølvbiografisk video

For tredje år på rad stikk skulen av med fyrstepremie, og i år var det Lesja-jenta Marta Gangsås Berstad (18) som leverte vinnarbidraget. Marta går i tredjeklasse studiespesialiserande på Dombås og det er norsklærar Ola-Matti Mittigård som tek Fritt Ord sine tema inn som norskoppgåver. Marta har teke utgangspunkt i eigne erfaringar og laga ein sjølvbiografisk video som syner korleis reklame, sosiale medium, og nettaviser bombarderer oss med bilete, tekst og inntrykk som lett kan føre til eit stort kroppspress. Marta er open om at ho sjølv slit med eteforstyrringar og ho ynskjer med videoen å gjera alle meir bevisst på korleis vi blir påverka.  Med statistikk frå Bufdir fortel ho blant anna at ein av tre ungdommar brukar meir enn fire timar framom ein skjerm kvar dag, utanom skuletida. Ho seier vidare at vi blir eksponerte for over 3500 reklameinntrykk kvar dag. Alt fokuset på kva ein bør eta og korleis ein bør trena trigger veldig eteforstyrringa mi, seier Marta, og ho veit at det er mange andre som slit med det same.

Pengepremie og studietur

12.april var ho på høgtideleg prisutdeling i Fritt Ord sine lokalar i Uranienborgvegen i Oslo. I tillegg til ein pengepremie får prisvinnarane ein studietur til Strasbourg, der dei besøker Europarådet, Menneskerettsdomstolen og EU-parlamentet

Grunngjevinga frå juryen seier blant anna: «Det er slåande korleis filmskaparen med ein stillfaren og nøktern stil klarer å nå fram med ein tematikk som angår mange unge. Filmen har emosjonell kraft og er drivande formidla med nerve, alvor og relevans».Prisvinnarane - Klikk for stort bildePrisvinnarane Oskar Kvasnes/fritt Ord

Skal brukast som skulefilm

NRK Skule har lagt videoen ut på sine sider. Målet er at lærarane skal bruke Marta sin sjølvbiografi i arbeidet for at unge og ungdom skal bli meir bevisst.
Den fem minutt lange filmen har ho laga med mobil og eit videokamera. Planen hadde ho hatt klar i hovudet lenge før ho byrja å filma. Det er eit sterkt og klårt bodskap som kjem fram.

 Marta har eit ynskje om at filmen skal vekkje noko i alle og at vi skal vere litt mindre kritiske til oss sjølve og vår eigen kropp. Ho synest det er motiveranda at ho har greidd å skape engasjement og ho ser ikkje bort frå at ho kjem til å laga meir film om viktige tema.

Sist oppdatert 23.04.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering