Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Verdig og vemodig

Avslutning våren 2017 - Klikk for stort bildeFor første gang var alle avgangselevane ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta, samla til felles avslutningsseremoni i går.

Avslutning våren 2017 - Klikk for stort bildeEldri Tofte Glenny og Pål Svindland - Klikk for stort bildeEldri Tofte Glenny og Pål SvindlandAvslutning våren 2017 - Klikk for stort bilde

Det vart ein verdig og vemodig kveld for alle dei 327 frammøtte elevane, føresette og lærarane. Sjølvsagt handla det mykje om vel fullført skulegang og framtidsval, men mange kjente nok mest på at det var "siste kveld med gjengen". Samhald og kameratskap ein har sett på som sjølvsagt, blir nå løyst opp når alle drar kvar til sitt.

Fin seremoni

Men først var det ein fin seremoni i kultursalen. Heidølane Eldri Tofte Glenny og Pål Svindland – tidlegare elev på skulen – opna med fin musikk og song før russepresident Alfred Vatn heldt ein tale på vegner av elevane. Hovudtalaren var kultursjef i Sel, Jertru Stallvik, som gjennom eit humoristisk blikk på eiga ungdomstid sette eit skrålys på kva dei unge står overfor i dag.

Så var det utdeling av roser til elevane. Så kom dei fram på rad og rekke i sin finaste stas slik at alle kunne sjå kva for flott samling unge dei er. Og ei av dei, Synne Ivem Madshus, avslutta det heile med ein fin song om venskap frå den gamle barne-tv-serien "Portveien 2".

Humor og varme

Å servere 327 raskt og knirkefritt kan vera ei utfordring. Men heldigvis har skulen krefter som kan slikt, og som hadde gjort kantina til eit fint festlokale. Her var det ope for meir spontane taler, ein sjanse som Ola Krukhaug frå 3 ST nytta seg av. Han heldt ein humoristisk og varm tale om venskapen han hadde opplevd gjennom tida på skulen, og sette nok ord på det mange følte denne kvelden.

Ola Krukhaug  - Klikk for stort bildeOla Krukhaug Synne Ivem Madshus - Klikk for stort bildeSynne Ivem MadshusAlfred Vatn - Klikk for stort bildeAlfred VatnJertru Stallvik - Klikk for stort bildeJertru StallvikRektor Kristin Undseth - Klikk for stort bildeRektor Kristin Undseth

Publisert av Truls Gjefsen. Sist oppdatert 23.06.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering