Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Transportklassen tek jobben

Transportelevane i full sving - Klikk for stort bildeTransportelevane i full sving Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule Etter at verkstadhallen på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule brann, er det mykje å rydde opp i.

Transportelevane i full sving - Klikk for stort bildeTransportelevane i full sving

Og her er alt på plass i det midlertidige lageret - Klikk for stort bildeOg her er alt på plass i det midlertidige lageret

Transportelevane våre tok jobben med å tøme eit stort lager.

Det tar tid å setje i stand att heile bygget. For å komma raskt i gang med undervisninga for bilmekanikarane blir det sett opp ein midlertidig verkstadhall i eit lagerrom som ikkje er brannskadd. Men lageret var fullt av all slags, mykje av det tunge og uhandterlege metallsaker. Dei skulle flyttast ut i eit stort lagertelt, og tidsmarginane var knappe. 

Krevjande øvingsøkt

Transportklassen og lærar Erland Tullut sette i gang med å planlegge, og på tysdag denne veka gauv dei laus på flyttinga. Det vart ei krevjande og realistisk øvingsøkt for elevane, med truck, traller, kran og ikkje minst musklar som reiskap. Etter to dagar var alt på plass.

– Elevane har hatt ein del gymtimar desse dagane, humrar Erland Tullut.

Sist oppdatert 23.11.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering