Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Stort engasjement for berekraft

Ringebu fhs - Reiselivsjente på toppen i Lofoten - Klikk for stort bildeRingebu fhs - Reiselivsjente på toppen i Lofoten Ringebu fhs Klimalaben og den videregåande skulen i Nord-Gudbrandsdalen arrangerte torsdag 22.november 2018 miniseminar med tema reiseliv og berekraft. Mange aktørar møtte opp for å diskutere problemstillingar saman med elevane og lærarar. 

Klimalab, stort engasjement for berekraft - Klikk for stort bilde

 

 

Skulen som aktør i regionen /elevane som ressursar?

Målet med møte var å finne samarbeidsområde mellom reiselivsfaget ved Nord-Gudbrandsdal vgs og destinasjonsselskap, bedrifter og regionrådet i Nord-Gudbrandsdalen. På førehand var det annonsert at aktuelle samarbeidsområde kunne vere mellom anna reiseliv, turisme, hyttemarkedet, tilreisande og  tilflytting.

-Elevane og skulen ynskjer å jobbe med reelle problemstillingar knytt til berekraft og vi stiller oss spørsmålet om korleis dette kan vere til hjelp for reiseliv og næringsliv i regionen, innleia Klimalableiar Marit Sletten. 

Blant dei frammøtte aktørane var både Nasjonalparkriket Reiseliv AS, Regionkontoret for Nord-Gudbrandsdal, Smuksjøseter Fjellstue, Klimapark2469, NAV Sel og Lærlingkontoret Gudbrandsdalen/Opplæringskontoret Brimi-kjøken.

Tilkomst med klimaavtrykk

Det var stort einigheit om at miljøvenleg tilkomst til Nord-Gudbrandalen er vanskeleg. Det var diskutert både tiltak innan bestillingstransport og utbygging av jernbane og flyplass, og særleg  jernbane var viktig for mange av dei frammøtte.

-Det finst fleire døme på pakketurar, eller charterturar, som er lagt opp med tog og offentlig transport. Dette er noko folk vil ha og er villige til å betale for. Om vi kan samarbeide i regionen for å lage pakker så vil dette vere mogleg her også, sa Ida Amble Ruge, prosjektleiar på regionkontoret. 

Opphaldet i regionen

Ikkje berre tilkomsten til området må vere så miljøvenleg som mogleg, men opphaldet må også ha eit så lite avtrykk som mogleg:

-Og når vi har fått folk til å koma hit så dei bli lenger, slik kan ein betre forsvare utsleppa som reisa fører med seg, meinte Erland Kirkebøen Husom frå Nasjonalparkriket Reiseliv. –Slik sett er det å lage pakker eller pakketurar veldig lurt.

Fleire påpeikte viktigheita av kjeldesortering og regionen har ein veg å gå med dette og at dette er noko som tilreisande tenkjer over. Effektane av å bruke kortreiste varer og redusere mengda plast og avfall var også diskutert.

Vidare arbeid

Traneeordning, lærlingplassar, vertskapsrolla, felles møteplassar for turistar og lokalbefolkning, antal destinasjonsselskap og netthandel er nokre av tema som elles var diskutert.

-Det har kome fram veldig mykje interessant her og vi vil gjerne jobbe vidare med desse problemstillingane. Har de fleire innspel så kom med dei seinare. Vi har ein god gjeng med elevar her som har mykje å koma med og som gjerne vil bidra, avslutta lærar Lene Sørbråten.

Publisert av Marit Sletten. Sist oppdatert 26.11.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering