Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Praksis i utlandet

Nyleg har mange av yrkesfageelevane vore utanlands i praksis. Målet med Internasjonal utveksling og samarbeid er å gje elevane eit globalt perspektiv gjennom læring.

 

Vg1 TIP Polen - Klikk for stort bildeVg1 TIP Polen Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule

VG2 BUA på Kreta - Klikk for stort bildeVG2 BUA på Kreta Nord-Gudbrandsdal vgs

 

TIP i Polen - Klikk for stort bildeTIP i Polen Nord-Gudbrandsdal vgs VG2 IKT-servicefag i Danmark - Klikk for stort bildeVG2 IKT-servicefag i Danmark Nord-Gudbrandsdal vgs

Langsiktig satsing

Skulen har i mange år prioritert arbeidet med utveksling. Etter meir enn ti år med internasjonalisering fekk skulen for nokre år attende tildelt "VET Mobility Charter" Dette innebær at skulen har fått ei langsiktig førehandsgodkjenning på bakgrunn av arbeidet som er lagt ned for å planleggje og gjennomføre gode internasjonaliseringsprosjekt. Nyleg kom den siste tildelinga på 900.000 kroner for å vidareføre tilbodet om praksis i utlandet for yrkesfagelevane.

Rundt  60 elevar og lærare deltek i Erasmus+ prosjektet dette skuleåret. Erasmus + er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Målet med satsinga på fag- og yrkesopplæringa i Erasmus+ er betre samarbeid mellom utdanning/opplæring og arbeidsliv, og auka kvalitet på opplæringa generelt og på lærling- og praksisordningane spesielt. 

Nyttige erfaringar

Den siste tida har fleire av klassene vore ute i 14 dagars praksis i ulike europeiske land. Blant anna har 11 elevar frå Vg1 TIP vore to veker på skipsverftet Montex i Gdansk i Polen. Montex er eit skipsverft som er underleverandør til norske Kleven Verft i Ulsteinvik. Kleven er i desse dagar i full sving med å lage nye hurtigruter som skal gå langs norskekysten, med skrog laga i Polen, moderne teknologi og miljøvennleg framdriftsenergi. På verftet har elevane mellom anna fått i oppdrag å laga ulike hjelpemiddel som skal gjere kvardagen enklare for dei som jobbar på verftet, som til dømes låsbare oppbevaringsskap for verktøy og "krybber" for kol/koks. Elevane gjev attendemeldingar om at dei har stort utbytte av opphaldet, blant anna ved at dei lærer andre arbeidsmetodar og at dei må samarbeide meir enn på skulen. Dei får og ei større språk- og kulturforståing.

Årleg reiser 1200 yrkesfagelever og lærlingar ut av landet for å studere. Interessa har auka kraftig dei siste åra og er nå rekordstor, fortel Harald Nybølet, direktør i Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). Han meiner dette er ei svært positiv utvikling som vil styrke og løfte kvaliteten på norsk utdanning.

Sist oppdatert 29.06.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering