Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Matte i rakettfart

Matte i rakettfart - Klikk for stort bildeSidan mange elevar slit med matematikk, kan det vere freistande å prøve ulike metodar som kan vere til hjelp.

Matte i rakettfart - Klikk for stort bilde

- Vi lærte på ein annan måte og det var ei god avveksling frå vanleg undervisning. Dessutan fekk litt meire kunnskap innan data.

Det var omkvedet blant elevane i 1SS ved Nord-Gudbrandsdal vgs, avdeling Otta etter å ha prøvd dataspel i nokre matematikktimar. Jan Frode Lindsø som er lærar i informasjonsteknologi ved den same skulen, stod bak forsøket.

Masterstudium

- Det vart gjort i samband med mitt masterstudium i IKT-støtta læring, der eg ynskjer å finne ut korleis ein kan utvikle pedagogiske dataspel i samspel med lærarar og elevar. Tidlegare studiar har vist klare fordelar med å involvere brukarane når ein skal utvikle programvare og spel. Innsamling av data har foregått gjennom intervju, observasjonar og spørjeundersøkingar. Tilbakemeldingane vil vere avgjerande for korleis spelet blir til, både pedagogisk og teknologisk, seier Jan Frode.

Éin av dei som har prøvd spelet og som har kome med innspel undervegs, er Bjørn Vadet som er lærar i matematikk ved den same skulen. Dessutan har han fleire års erfaring med Den virtuelle matematikkskulen der han kan vise til særs gode resultat.
- Ein heilt tydeleg fordel med Jan Frode sitt spel er prinsippet med samarbeid. Det handlar om å løyse flest mogleg oppgåver saman, og ein unngår difor kjensla av å vere tapar i faget. Ikkje minst oppnår ein samhandling mellom spelet, eleven og læraren, seier Vadet.

Ein kan også arrangere lagkamp der ein deler klassa i to, eller elevane kan nytte spelet individuelt. Ikkje minst er det adaptivt. Det vil seie at det er tre nivå der oppgåvene blir tilpassa kvar enkelt. Svarer ein rett på tre oppgåver, går ein automtisk til eit høgare nivå. Skulle det motsette skje, rykkjer ein ned og får lettare oppgåver. Tanken er sjølvsagt at eleven skal oppleve meistring.

Viktige element

Uansett korleis ein nyttar det, er samarbeid og konkurranse viktige element der eleven får respons med det same. Til slutt kan eleven studere resultata sine og lære av feil han eller ho har gjort. Men det som kanskje gjev størst læring, er at elevane sjøl kan lage oppgåver med ulike svaralternativ. Da må dei nemleg vite kva som er rett og galt svar.

Men ideen om at ein kan lære ved hjelp av dataspel, er slett ikkje ny. Den amerikanske spelforskaren, James Paul Gee, meinte tidleg på 2000-talet at ungdom har ein indre motivasjon for å spele. Og ein kan trygt seie at forskaren visste kva han snakka om, for motivasjonen har ikkje akkurat vorte mindre med åra! James Paul Gee stilte seg difor desse spørsmåla:
Korleis kan ein overføre denne motivasjonen til skulefag?
Kvifor meistrar elevar spel med høg vanskegrad, medan dei same elevane er svært lite motiverte for skulefag?

Forutan Bjørn Vadet og Mari Bjørnsgard har underteikna også vore med på utprøving av Jan Frode Lindsø sitt dataspel. Og det er liten tvil om dette kan vere ein nyttig reiskap for auka interesse og dermed større forståing av faget matematikk. Variasjon i undervisninga og bruk av moderne teknologi er i seg sjøl eit godt grep når ein skal spele på den yngre garde sin banehalvdel.

Dersom rekning også blir meir knytt til praktiske fag, både i grunnskulen og på vidaregåande, vil mykje vere gjort. Elevane må nemleg oppdage at dei har bruk for matematikk både privat og på arbeid. Det er heller ingen motsetnad mellom jordnær matte og bruk av teknologi à la Jan Frode Lindsø sitt dataspel. Tvert om utfyller dei kvarandre.

Matte i rakettfart - Klikk for stort bildeMatte i rakettfart - Klikk for stort bildeMatte i rakettfart - Klikk for stort bildeMatte i rakettfart - Klikk for stort bilde

Publisert av Ove Kirkestuen. Sist oppdatert 28.06.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering