Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Hovud for tal

NOrd-Gudbrandsdal vidaregåande

 

Nora Moen Vadet går i tredjeklasse på studiespesialiserande på avdeling Otta og tek matematikk på universitetsnivå.

Matematikk på høgt nivå 

Nora har alltid likt å arbeide med tal, og ho fortel at ho alltid låg litt framom dei fleste av medelevane sine da ho gjekk på barne- og ungdomsskulen, noko som resulterte i at ho i tiandeklasse fekk moglegheit til å ta matematikk på eit høgare nivå gjennom prosjektet "Den virtuelle matematikkskolen" også kalla DVM. DVM er eit landsdekkande nettbasert tilbod der målet er å prøve ut nye former for IKT-basert opplæring for å skape meistringsfølelse og motivasjon gjennom nivåtilpassa opplæring i matematikk. Målgruppa er både elevar med høg måloppnåing i faget og elevar med låg måloppnåing. Nora var av dei som trong noko ekstra å bryne seg på og i tiandeklasse gjennomførte ho 1T som er matte for fyrste året på vidaregåande. Ho heldt fram det gode arbeidet og fullførte R2 (matematikk tredje klasse vidaregåande) medan ho gjekk i 2ST.

Stor eigeninnsats

No går Nora i tredjeklasse og tek matematikk på NTNU. Dei har nokre samlingar men det krevst mest eigeninnsats noko som slett ikkje er framandt for Nora. Sjølv om ho har teke dei fleste fag nokså lett har ho og lagt ned mykje arbeid opp gjennom åra. Legg ein ned nok arbeid i å forstå faget kan dei fleste nå langt, meiner Nora. Når du forstår kva som ligg bak formlane er det så mykjy meir motiverande og artig. Det gjev meg stor glede å løyse kompliserte matematiske utfordringar. Ho vil og peike på lærarens si rolle. Ein god lærar må vere dyktig i faget sitt, engasjert og ha evne til å sjå kvar einskild elev sine styrker og svakheiter. Eg har vore veldig heldig med lærarane eg har hatt, seier Nora.

Framtidsplanane er førebels usikre. Ho veit ikkje heilt kva ho vil søke på etter vidaregåande. Kanskje blir det NTNU, kanskje noko anna. Moglegheitene er mange. Ho skal ha eksamen i matte til jul og får dermed meir tid til dei andre faga etter jul. Sjølv om det er matte ho er mest glad i gjer ho det og sterkt i dei andre faga. Til våren er ho russ og russetida skal feirast saman med dei andre i klassa. Eg er ein vanleg ungdom, med vanlege interesser seier Nora. Ein får som regel tid til det ein har lyst til.

Sist oppdatert 18.10.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering