Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Grunnleggande ferdigheiter i arbeidslivet

Grunnleggennde ferdigheter i arbeidslivet - Klikk for stort bildeGrunnleggennde ferdigheter i arbeidslivetKva slag grunnleggande ferdigheiter trengs i arbeidslivet, og kva ser arbeidsgjevar etter når han skal tilsetje lærlingar?

Grunnleggennde ferdigheter i arbeidslivet - Klikk for stort bildeDette fekk yrkesfagelevane i vg2 god og nyttig kunnskap om på fellesdagen som vart arrangert på avdeling Otta onsdag 11.10.2017

Lærlingbedrift 

Dagleg leiar i Bring Gudbrandsdalen AS, Geir Inge Kirkestuen var hovudforedragshaldar. Han har mange års erfaring med lærlingar og ga konkrete og gode råd til ei lydhøyr forsamling.

Grunnleggennde ferdigheter i arbeidslivet - Klikk for stort bildeTa initiativ,vis ståpåvilje og møt opp i rett tid, var hans hovudbodskap. Han påpeikte at fråvære og gymkarakterane frå vidaregåande blir sterkt vektlagt ved søknad om lærlingplass.

- Det er stor skilnad på om du går på arbeid berre fordi du har arbeid, eller om du går dit for å gjera ein jobb, sa Kirkestuen.

Det same kan overførast til skulen. Går du på skulen berre fordi du har ein studieplass, eller går du dit for at du vil lære noko? Grunnleggennde ferdigheter i arbeidslivet - Klikk for stort bildeHan held fram med at din rolle på arbeidsplassen er viktig, og alle kan koma så langt dei vil om dei berre står på.

God presentasjonsteknikk

Lokale lærarkrefter hadde førebudd  rollespel som på ein god måte tydeleggjorde korleis ein IKKJE bør stille til lærling- eller jobbintervju. Elevane fekk og sjå gode døme på korleis ein gjer eit best mogleg førsteinntrykk. Fast handtrykk, augekontakt, høflegheit, og passande antrekk er her viktige moment.

Dei fekk og ei påminning om å vere bevisste på korleis dei framstiller seg sjølve på sosiale media. Det er ikkje sjeldan at arbeidsgjevar sjekkar søkarens facebook- eller instagramprofil. "Bygg deg ein god digital identitet" var hovudbodskapen til IKT-lærar Jan Frode Lindsø.

Arbeidsklede og profilering var og ein post på programmet. Arbeidsklede er heilt greitt å bruke privat, men ikkje på fest. Hugs du er bedriftas ansikt utad og må representere den på ein best mogleg måte sa transportfaglærar Erland Tullut.

Samtale og refleksjon rundt temaene synte at elevane hadde hatt godt utbytte av dagen og bør nå sitje att med mange gode haldningar på vegen ut i lærebedrift og arbeidsliv.

Sist oppdatert 14.08.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering