Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Frå Rondane til Kilimanjaro

Truls Gjefsen Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule bryt bokstaveleg talt grenser når han for fyrste gong søkjer samarbeid med ein skule i Tanzania.

11. februar letta flyet med fire elevar og to lærarar frå Nord-Gudbrandsdal med kurs for Kilimanjaro-provinsen og Mama Clementina Foundations jenteskule. Oppdraget for Irene Karin Nystuen, Truls Gjefsen og elevane Sølveig Brenden, Emilie Haugstulen, Malin Torsgård og Marianne Andgård var å finne ut kva dei to skulane kan samarbeide om, og korleis.

Lærerik safari

Fyrste dagen var det omvising på skulen og eit hyggeleg møte med rektor. Så var det helg og stengt skule, og da var det tid for å dra på safari.

Turen gjekk til Ndarakwai, eit lite, privatdrive reservat i vestre Kilimanjaro. Her var det for tjue år sidan eit øydeland etter tiår med nedbeiting, krypskyting og ukontrollert hogst. Ein amerikansk idealist kjøpte det 45 kvadratkilometer store området billeg og starta ein målmedviten landskapsrestaurering. Dermed kom også viltet attende, og i dag er det om lag 70 pattedyrartar og 350 fugleartar i området. Vi såg i alle fall så mange at vi kom ut av teljing. Og med vortesvin under hyttegolvet og apar som middagsgjestar fekk vi naturen tett innpå.

Møtet med eigaren, Peter Jones, vart ein fascinerande leksjon i økologi og miljøvern, og ikkje minst ideen om at økoturisme kan erstatte verksemd som øydelegg sårbar natur. Her kan det vera mykje å ta tak i for både geografi, naturfag og reiseliv.

Allsidig jenteskule

Jenteskulen, The Kilimanjaro Academy, ligg i utkanten av provinshovudstaden Moshi. I enkle, men velhaldne lokale finst alt frå barnehage til «upper secondary», som tilsvarer vår vidaregåande skule.

Mens vi er vane med at vidaregåande er delt i teoretiske og praktiske liner, startar dagane her med teorifag tilsvarande vår «studiespesialisering» for alle. Så held dei fram med praktiske fag utpå ettermiddagen.Dagane blir lange, men det er ikkje noko problem for jentene, som bur i internat på skulen.

Sist oppdatert 26.05.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering