Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Elevar i praksisfeltet

Elevar i programfaget reiseliv og språk 2 ved avdeling Dombås og Otta fekk verdifull praksiserfaring då dei deltok som vertskap på konferansa, "Kokken og reiselivet" som vart arrangert i Lom 16.-17. november.

Vertskap

Elevane har stått for mottakinga av dei inviterte gjestane på konferansen, og bistått arrangøren i det praktiske med programtrykk og evaluering. Gjennom desse oppdraga har dei fått erfare vertskapsrolla som ein viktig del av eit større arrangement.

Populær møteplass

Heile 120 deltakarar frå heile Norge deltok desse to dagane, der det vart lagt vekt på rekruttering og utvikling av både reiselivsnæringa og kokkeyrket i Noreg. Elevane fekk med seg fleire gode faglege innlegg frå konferansen, mellom anna av administrerande direktør i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold. Ho kopla mat og kokkekunst opp mot ei reiselivsnæring i vekst.

Utviklar evalueringsverktøy

Som ein del av oppdraget utviklar elevane nå eit elektronisk evalueringsverktøy for deltakarane. I etterkant av praksisdagen i Lom har elevane fokus på eigenrefleksjon knytt til korleis dei utøvde vertskapsrolla. I tillegg vil dei be om deltakarane si attendemelding på sjølve konferansen, og arbeider derfor med ei elektronisk spørjeundersøking.   

Lene Sørbråten

Publisert av Gunn O. Berg. Sist oppdatert 23.11.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering