Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Blant dei mest nyskapande

Karriere Oppland Lillehammer Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule kom på andreplass i kåringa av den mest innovative skulen når det gjeld bruk av datateknologi i undervisninga.

Det er Senter for IKT i utdanningen som kvart år deler ut Innovasjonsprisen til ein grunnskule og ein vidaregåande skule som driv framtidsretta utviklingsarbeid med data som verktøy. I år kom Sandvika i Bærum på topp blant dei vidaregåande skulene med sin systematiske bruk av reiskap som blogg, Twitter og Skype i undervisninga. Skulen vår følgde rett etter med satsing på fleire område.

Avstandar inga hindring

I nominasjonen til prisen var det lagt vekt på ulike tekniske løysingar for å overkome avstandar. Som ein skule med tre skulestadar i Utkant-Noreg har Nord-Gudbrandsdal vidaregåande store utfordringar på dette området. Her kan nemnast at skulen er heilt i front med ny teknologi for videokonferansar og fjernundervisning. Dette er så smart teknologi at læraren og elevane ikkje treng å tenkje så mykje på han; han ordnar det meiste sjølv.

Virtuelle klasse- og møterom

To av matematikklærarane på skulen arbeider med den såkalla virtuelle matematikkskulen. Inspirert av dette blir det arbeidd med planar om en virtuell klima-, energi- og miljøskule knytt til Klima- og energilaboratoriet. Her har ein alt kome langt med å legge ut måledata på internett og utvikle virtuelle, tredimensjonale omvisingar og spel. Skulen er òg aktiv i den felles delingsplattforma for undervisningsopplegg i vidaregåande opplæring i Nasjonal digital læringsarena og har hatt ein pilotklasse i transportfaget.

For den daglege drifta av utkantskulen jobbast det med løysingar som virtuelle møterom som kan spare mykje reising. Ein treng ikkje eingong oppsøkje stader med videokonferanseutstyr, men kan delta på ein PC kor som helst.

Sist oppdatert 18.11.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering