Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Anna kokka for kongen

  Nord-Gudbrandsdal vgs

Anna Brimi frå restaurant- og matfagklassen på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har vore på ein litt spesiell praksisstad.

 

 

Kongeleg kjøkenteneste          

I veke 6 og 7 jobba ho i kjøkenet på det kongelege slottet i Oslo. Her blir det laga mat til dei kongelege og deira gjestar, og dessutan til dei mange som arbeider på slottet. Kongen og dronninga var på slottet under perioden, og Anna var med og kokka for dei på kjøkenet oppe i husværet deira.

– Det var litt spesielt å ha utsyn over heile Karl Johans gate frå kjøkenbenken, smiler ho. Men noko glimt av dei kongelege fekk ho ikkje.

Kvalitetsmat frå botnen av

Anna kan røpe at dei et ganske vanleg mat til kvardags, men sunn og av høg kvalitet. På slottet blir all maten laga frå botnen av, om det så er spekeskinke eller røyka laks. Og råvarene er av dei aller beste. Dermed vart det òg spesielt lærerikt for ei norddalsjente i kongens teneste.

Sist oppdatert 26.02.2018
Fant du det du lette etter?
Login for redigering