Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Kontakt IKT

IT-tenesta på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har tre fast tilsette (2 og 1/2 stilling). I tillegg har vi for tida tre IKT-lærlingar som går i to års opplæring før dei går opp til fagprøve.

Send e-post til IKT

Kontortid

Mandag - fredag kl. 08.00–15.30.

Kvar avdeling har eige supportkontor.

Program og nett

Vi bruker Windows 7 på våre maskinar og Microsoft Office som standard kontorapplikasjon. I tillegg kjem dei fagspesifikke programma.

Ved alle våre tre avdelingar har vi eit godt utbygd trådlaust nettverk som gir brukarane rask og god tilgang til nettverket.

Berbar PC er obligatorisk verktøy

Berbar PC er eit obligatorisk verktøy i dei vidaregåande skulane i Oppland. Elevane får gratis tilgang til dei programma og digitale ressursane dei treng i skulearbeidet.

Når ein elev leiger PC, føreset skulen at maskinen skal brukast gjennom heile den vidaregåande opplæringa. Eleven får leige PC berre éin gong.

Bruk av privat PC på skulen er tillate. Elevar som vel å bruke eigen PC, skriv eigen kontrakt om dette.

Les meir om elev-PC

Sist oppdatert 16.06.2017
Fant du det du lette etter?
Login for redigering