Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Helserådgjevar

Helserådgjevaren er ein du kan snakke med om det som er vanskeleg. Helserådgjevaren har teieplikt.

Oppland fylkeskommune har som den einaste fylkeskommunen i landet eigen sjukepleiar/helsesyster i vidaregåande skule, tilsett på den enkelte skole, med rektor som øvste leiar. Tittel er helserådgjevar. Kommunelege 1 er helsefagleg rådgjevar for skulehelsetenesta. Helserådgjevar har teieplikt etter Lov om helsepersonell.

Skulehelsetenesta er eit gratis helsetilbod til deg som er elev ved skolen. Målet til tenesta er å bidra til auka trivsel og meistring for ungdom. Helsesøster er ein del av skulens elevteneste.

Helserådgjevar er ein samtalepartnar

Helserådgjevar har ein låg terskel i skulekvardagen. Helserådgjevar skal vere ein samtalepartnar for deg når det gjeld ulike personlege forhold som mobbing, ete-problem,  samliv, seksualitet, prevensjon, sorg/sorgreaksjonar og rusmiddelproblematikk.

Helserådgjevar kan òg gje personlig rettleiing i sex, samliv og prevensjon. Da helserådgjevar  er helsesyster av profesjon, har ho eigen rett til å skrive ut resept på hormonell prevensjon.

Førebyggjande helsearbeid

Helserådgjevarane arbeider med førebyggjande helsearbeid individuelt og klassevis. Dei skal vere pådrivarar for å få skulen til å ta opp emne som har med førebyggjande helsearbeid å gjere, slik som røykesluttkurs, rusførebyggjande arbeid, trivselstiltak, kantinetilbodet, auka fysisk aktivitet og ikkje minst i satsinga på psykisk helse i skulen.  Vg 1-elevane treffer helserådgjevar ved gjennomføringa av «Drøymeklassa» ved skulestart på avdelingane Otta og Hjerleid.

Helserådgjevar har eit godt samarbeid med skolens pedagogiske personell og resten av elevtenesta. Helserådgjevar har kontakt med anna helsetenestetilbod i kommunen, og skal sørgje for at dei som har problem som krev ein bestemt fagkompetanse, visast til rett instans.

Skuletenesta er for alle elevane ved skulen. Du treng ikkje å bestille time. Kom innom i opningstida eller send SMS/e-post for ein timeavtale. Besøk hos elevtenesta reknast ikkje som fråvære.

Ditt ansvar: Du må sjølv oppsøkje helsetenesta.

Legeordning: Hybelbuande elevar oppmodast til å skaffe seg fastlege i kommunen der dei har hybel. Helserådgivar kan hjelpe, du kan gå inn på www.helfo.no, eller ringe fastlegetelefonen på nummer 81059500.

Kontortider:

Helserådgjevar Mae Iris Haarstad er til stades på avdeling Otta tysdag, torsdag og fredag, og på avdeling Dombås mandag og onsdag.

Helserådgjevar Liv Marie Øyjordet er til stades på avdeling Lom på fredager.

Sist oppdatert 12.12.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering