Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Oppfølgingstenesta

Er du utan jobb eller skuleplass? Oppfølgingstenesta hjelper deg.

Oppfølgingstenesta arbeider med og for unge som har rett til vidaregåande opplæring (under 21 år), og kan hjelpe med å formidle tilbod om opplæring, arbeid eller annan sysselsetting. Opplæringa og tiltak som blir tilbode, skal så langt som mogleg føre fram til formell kompetanse.

Oppfølgingstenesta skal hjelpe deg viss du:

  • ikkje har søkt eller tatt i mot opplæringsplass
  • har avbrote opplæringa før ho er ferdig
  • har tapt opplæringsretten som følge av at fylkeskommunen har fatta vedtak om bortvising for resten av skuleåret på grunn av alvorleg reglementsbrot
  • har tapt opplæringsretten som følgje av at fylkeskommunen har fatta vedtak om heving av lærekontrakten fordi lærlingen i alvorleg grad har forsømt sine plikter.

Oppfølgingstenesta skal kontakte alle ungdommar i målgruppa og hjelpe med å formidle tilbod om opplæring eller andre kompetansefremmande tiltak. Tilboda varierer frå kommune til kommune. Opplæring og tiltak som blir tilbode, skal så langt som mogleg føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse innanfor vidaregåande opplæring.

Oppfølgingstenesta samarbeider med kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som òg har ansvar for unge.

Sist oppdatert 31.08.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering