Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Ut for å lære i elleve land

Truls Gjefsen Elevar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule dreg ut i verda for å lære. Skulen har samarbeid i heile elleve land.

Skulen har i mange år prioritert arbeidet med internasjonal utveksling og samabreid. Målet er at elevane skal få eit globalt og internasjonalt perspektiv gjennom læring. Som ein del av Regional handlingsplan jobbar skulen med å leggje til rette for ulike internasjonale aktivitetar både på studiespesialiserande utdanningsprogram og på yrkesfag.

I løpet av skuleåret 2015/2016 har elevar frå Nord-Gudbrandsdal vore i Estland, Island, Italia, Litauen, Polen, Spania, Sverige, Tsjekkia og Tyskland. Vi har òg hatt besøk av elevar og lærarar frå Estland, Frankrike, Litauen og Tanzania.

Sist oppdatert 29.01.2016
Fant du det du lette etter?
Login for redigering