Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Skulen i Nasjonalparkriket

På veg til Galdhøpiggen - Klikk for stort bildePå veg til Galdhøpiggen Geir Halmøy Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er skulen i "Nasjonalparkriket".

Kvart år får førsteklassingane opplæring til å bli "nasjonalparkvertar". Dei skal både bli betre kjent med naturrikdomen i nærområdet og bli i stand til å presentere denne for tilreisande gjestar.

Nasjonalparkriket i Nord-Gudbrandsdal består av seks nasjonalparkar: Breheimen, Dovre, Dovrefjell-Sunndalsfjella, Jotunheimen, Reinheimen og Rondane. I tillegg kjem 40 verneområde og naturfredningsområde. Ingen annan region i Noreg har så mange nasjonalparkar og verneområde.

Nasjonalparkriket er eit samarbeid mellom seks kommunar: Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre, Lesja, og er eit svært viktig satsingsområde for Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal.

Sist oppdatert 10.09.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering