Din nettleser er for gammel. Vennligst oppgrader nettleseren din eller last ned en alternativ nettleser som Google Chrome eller Firefox.

Beste naturfagrommet i Noreg

Truls Gjefsen Klima- og energilaboratoriet på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er fullspekka med teknologisk utstyr som gjer det unikt i skulesamanheng i Noreg.

Laboratoriet er plassert på avdeling Otta. Formålet med det er å gje elevar i vidaregåande skule auka kunnskap om klima- og energispørsmål og dermed større medvit om dei store utfordringane vi står overfor lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt på dette området. Laboratoriet skal vere eit framtidsretta klasserom innanfor natur- og realfag, men òg eit nasjonalt opplevingsrom og ein kunnskapsbase for skuleklassar, fagpersonar og avgjerdstakarar innanfor klima, energi og naturfag.

For meir informasjon, se Klima- og energilaboratoriet.

Sist oppdatert 18.11.2015
Fant du det du lette etter?
Login for redigering